Om oss

Bjelland_1.jpg
 
 

Johannessen Entreprenør AS vart stifta i 2016. Tømrararbeid, hagearbeid, graving og trefelling er nokon av tenestene me leverer. I tillegg er me forhandlar av Husqvarna, Hultafors, Snickers Workwear og Ekstralys sine produkt med eigen butikk og serviceverkstad på Bjelland. I 2018 overtok me firmaet Almås Maskinservice, lokalt kjent som littgraving.no. Oppkjøpet innbefatta maskinar, utleigevirksomhet og eigedom. Derfor har me no flytta inn i desse fasilitetane på Bjelland og har maskiner og anna utleigemateriell ståande her. Sjølv om virksomheten vår ikkje har så lange tradisjonar enda, sørger våre erfarne medarbeidarar for at kvaliteten på arbeidet som vert utført er på topp og at me leverer det me lovar til avtalt pris.